top of page
Fargerike tråder

Systova

Her finn du alt om systova, har du noko du treng hjelp med? 

Omsaum/reparasjon/bunad

Eg hjelper deg gjerne dersom du har noko som har blitt litt for trangt, laust, eller treng ein liten reparasjon. 
Til dømes buksa som er for lang, eller bunadsvesten som er blitt for trang. Eller kanskje har du fått eit hol i favorittjakka? 

Skreddersydde klede

Dersom du har lyst på noko som er laga på mål til deg så kan eg vi skape noko saman. 
Du kan kome med ein visjon om eit plagg.
Eg tek mål av deg, konstruerer mønsteret, du kjem inn til prøvninger før vi sett det saman til eit ferdig plagg

Saum på bestilling/ redesign

Eg syr gjerne på bestilling. Kanskje du vil ha ein ny kjole, har ein visjon om eit skjørt? Men finn ingenting du liker i butikkane. Kanskje du har eit symønster som du liker men ikkje vil sy opp sjølv?
Men det kan også vere vesker, og andre ting. Eg jobber gjerne med gjenbrukstekstil. Kanskje du har eit familietekstil som ikkje blir brukt men som kanskje hadde vore ei flott jakke? 

Priser

Minstepris for syoppdrag er
350 kr, inkl mva, faktura, henting/levering og gjelder små oppdrag som tek maks 10 min. 

Ellers er timeprisen 450 kr. 

 

bottom of page