Om Bestemor Bjørk
.
Eg heiter Ingrid Kornelia Bjørndal og står bak Bestemor Bjørk.
I livet så er Inspirasjonen mi største drivkraft, og den har så langt ført meg i veldig mange forskjellige retninger.
Når eg var liten så var eg veldig fasinert av Bestemor Piletre i Disney filmen Pocahontas, og synes det kunne ha vore så magisk å hatt eit slikt tre sjølv. Her i Sirdal er det diverre ikkje så mange piletre, men det fins mange bjørker, så difor blei navnet Bestemor Bjørk.
Treet er også ein fin metafor for den kreative krafta og inspirasjonen som begge har røtene på same stad men som breier seg ut med greiner i alle retninger.
Eg har budd mange år i København der eg tok utdanning, men no er eg flytta heim att til Sirdal og har starta opp dette prosjektet.
Eg er utdanna frå Håndarbejdets Fremme i Købehavn i tekstildesign, håndværk og formidling. Der fokus var på saum, konstruksjon og tilretning av mønster, samt passform av klede.
Er lærar i metoden Intentional Creativity - ein intuitiv malemetode utvikla av Shiloh Sophia McCloud.
Har drive med musikk nærmast heile livet, og har vore innom musikkgymnas, songskriverkurs, Complete Vocal Institute i København, og jobbar no også i kulturskulen i Sirdal som musikk og songlærar. Jobber også på å gi ut eigen musikk.
Og ellers er eg veldig interessert i alt mellom himmel og jord, myter, eventyr, vitenskap, natur og planter. Og eg trur på at alle menneske har ibuande skaperkraft, og at det er viktig å bruke den og vil veldig gjerne hjelpe dei å finne den!
Så her kan alt skje.